Åsentunet i Bjerkreim

Åsentunet i Bjerkreim består av eit våningshus frå 1740 og eit gjenoppbygd uthus frå omtrent same tid. Huset er oppført i SEFRAK-registeret i verneklasse A. Det er 2 stover: ei kvardagstove med dekkeplass til 20 personar og ein kaffesalong med plass til 15. Mellom desse to stovene ligg det  gamle kjøkkenet med peis. I den nordre skuten er det nytt kjøkken, godkjent for matlaging. Det er toalett og dusj i søndre skut. På loftet er det sovesal med godkjent overnatting  inntil 12 personar.

Uthuset med fjøs og stall var bygd i lafta eik og stein. Fjøset var i svært dårleg forfatning og blei gjenreist i 2012, mens stallen blei ferdig restaurert året etter.

Stiftinga Åsen er eigt av Bjerkreim Bondelag, Bjerkreim ættesogelag, Dalane Folkemuseum og Bjerkreim kommune. Sidan 2002 har ein restaurert heile huset. Garden Åsen ligg i eit unikt og godt bevart kulturlandskap utan gjennomgangstrafikk.

Garden ligg tett til prestevegen, den gamle ferdselsåra mellom prestegarden på Helleland og kyrkja på Bjerkreim. Den gamle geilen mot Helleland eksisterer den dag i dag slik at gardstunet og bygningane i Åsen blir eit godt døme på korleis det såg ut på gardane i Bjerkreim i eldre tid.

Det er køyreveg fram til Åsentunet – avkjøring frå E39 i toppen av Saglandsbakken i Bjerkreim.

Utleige:

I Åsen tilbyr me ekte og spennande lokale for møteverksemd, feiringar,  jubileum og overnatting. Huset kan leigast ein dag, ei helg eller ei veke. Frå 2014 kan ein engasjera «Anita» til matservering ved ulike arrangement.

I den gamle stallen i uthuset er det installert grill, slik at turgåarar kan stikke innom for ein matpause.

Prisar:

Kveldsmøte                kr 900
Heile huset ein dag      kr 1500
Heile huset 24 timar     kr 1900
Fredag-søndag            kr 4000
Ei veke                  kr 7000

(Eige sengetøy, ved overnatting)

Kontaktperson: Ola Birkeland –Tobirkeland@gmail.com – 5145 2378. (ring helst 8-9 og 1130-1230)

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar